
Inspirert av stort engasjement i Knekkebrød-saken, går eg no laus på ein ny «korleis-ete-maten-på-rett-måte»- sak. I dag: Banan og pære.
BANAN: Her er svaret sjølvsagt. Ein bør byrje på den buttaste enden - altså ikkje den enden der det stikk ein lang, tynn ting ut. Dersom du brekk skalet av i tynne-ting-enden, endar det berre med bananmos på innsida.
PÆRE: Her er svaret meir usikkert. Bør ein byrje i den tjukke enden eller den tynne? Eller midt på (slik ein bør gjere når ein et kylling (eller forresten; korleis bør ein ete kylling?)) Eg held ein knapp på siste alternativ.
Etiketter: Knut, Samfunnskritikk
8 Comments:
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
PÆRE: Midt på funker greit, så kan ein gnaga seg rundt medan ein har begge endar av pæra å stø seg på. Kanskje det er annleis om ein et heile saken (m/kjerne) - då er det kanskje greiast å jobba seg mot stilken!?