I mangel på betre gjeremål, bestemte IL og eg oss for å ta alle trikkelinjene i Oslo til endestasjonane i dag. Det blei til saman nesten fem og ein halv time på trikk, inkludert to matpausar i sentrum.
Dermed har me no fått sjå korleis det ser ut både på Ljabru, Jar, Kjelsås og Rikshospitalet.
Det seier vel sitt at det som var mest nervepirrande, var å snika frå nest siste til siste stasjon på Jar-linja. Den stasjonen ligg nemleg utanfor Takstsone Oslo og omfattast ikkje av månadskortet vårt.