Det er utruleg kva ein kan få utført på ein fotballbane.
I dag var me ein fin gjeng som kledde oss i knottar og kortbukser for å svette litt saman på plenen like utanfor blokka. Etter å ha varma opp ein liten time, byrja det verkeleg å bli sus over spelet og taklingane.
Då eg på lekkert vis runda ein motspelar, såg han ikkje anna råd enn å slenge ut foten sin mot min for å stogge meg. Det heile førte til at eg tippa rundt og slo kneet i mi eiga hake. Uheldigvis hadde eg på dette tidspunktet tunga litt for langt ute.
Difor sit eg her no med hol i tunga. Me får besøk i kveld. Gjestene får pizzaboller og fruktsalaet. Eg kan ikkje ete anna enn graut den neste veka.
14 Comments:
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Jepp men då seie eg bare asante sana for i kveld og karibuni te ås ved ein seinare anledning...
Hilser med Salme 55, 10.:
"Skap forvirring, Herre,
og kløv deres tunger!
For jeg ser bare vold og strid i byen."
God bedring:)
Tenk deg om det var nå du skulle holdt andaktsøvelse i klassen! Du hadde kan hende fått kritikk for mumling! Eller - et høl eller to i tunga hindrer kan hende ikke Reier fra å tale...?
Dr. K