
Kva slag åndsamøbar er det som skriv kokebøkene her i landet? «Ta ditt og ta ditt i ein bolle. Visp, og vips så skal alt vere OK.» Det høyrest så lett ut.
Men det er berre tull.
Det finst ingenting som heiter enkel matlaging. Basta. Eller: Det er enkelt nok å blanda to desiliter mjøl med fem egg, to teskeier sukker og ei spiseskei bakepulver.
Men er det nokon som har tenkt over at ingrediensene må vere på plass først? Matvarene er ikkje i skåpet mitt berre fordi dei er omtala i kokeboka. Dei må kome ein plass frå. Dei må handlast i butikken.
Pes.
Går frå jobb og er trøytt og sliten. Har ei tung PC-veske hengande over skuldra. Så må eg altså innom Meny for å handla med meg to store posar ingredienser før eg kan gå heim. Der må eg manøvrera mellom gamle damer som ikkje har kontroll på handlevognene sine og småbarnsforeldre med barnevogn (som sjølvsagt ikkje tek omsyn til andre) for å finne ei matvare som dei er utselde for.
Så er det å stå i kø bak dei same minstepensjonistane og småbarnsforeldrene før eg kjem meg gjennom kassa og kan sikta mot 20-bussen. Den er jo sjølvsagt full av barnevogner og gamle folk (som må ha sitjeplassane), og eg og handleposane må stå heile den 20 minutt lange og humpete bussturen heim.
Dette seier ikkje kokebøkene eit ord om.
Etiketter: Knut, Samfunnskritikk
Gjermund
eg støtte Kvam: å ha med barnevogn både på handletur og busstur er bra. Hvis det skulle være av interesse, så legger jeg snart ut en tvillingvogn til salgs, så kan du jo både ha med mat og barn på tur - juhu
kwaheri
God middag!