Tysdag: I kjellaren på det bittelille huset i Lundegeilen 4 bur Mikke og Minni Mus. Dei har ikkje meir enn såvidt det dei treng, og allereie no før adventstida må dei starta opptakta til julefeiringa ved å samla opp eit forråd vaskefiller, klede og gamle teposar frå husverten sitt kott.
Onsdag: Husverten byr på ost! For ein fest! I sin iver går Mikke fem på, men får seg berre ein smekk på halen. Han piler frå huset, ikkje med halen mellom beina, men med halen dinglande bak seg og med fella på slep ... Tilbake sit Minni, forleten og sårbar.
Torsdag: Å, ulukke! Husverten har nok ein gong bydd på ost, og Minni har med rumlande mage takka ja til måltidet. Lite ana ho om husverten sine baktankar.
Snipp, snapp, snute - så var familien Mus ute!
OPPDATERING: Søndag
Ein halelaus Mikke vender attende til Lundegeilen. Kvifor? Av sakn etter Minni? På jakt etter mat? Eg veit ikkje. Men svolten må han ha vore, for han går på det same trikset ein gong til, denne gongen med hovudet først ... Og snipp, snapp, snute - så var familien Mus ute!
OPPDATERING IGJEN: Måndag
Minni sin fetter Morten stikk innom for å sjå til slekta. Han finn dei ikkje, men finn i staden eit festmåltid av dei sjeldne. Ein ostebit! Og med eitt vert alt svart. Og snipp, snapp ...
bli'kke noe "skal alle sammen snart få feire jul igjen" på musefamilien her, nei...
God jul!
jo, da- der fikk du en kommentar til....
gisp