
Etter å ha opplevd litt av kvart under det som skulle vera ein romantisk frikveld på kino, vil eg med dette få opplysa om det eg meiner bør vera sjølvsagt kino-kotyme. 10 uskrivne reglar som frå no av er nedskrivne.
- Pass på at heile boblejakka di ligg innanfor ditt tilmålte område av kinosalen, slik at naboen kan få bruke sin del som han/ho vil.
- Ikkje ta med deg matvarer med sterk lukt inn i kinosalen, som til dømes salami eller baconchips.
- Ikkje smul popcorn, baconchips eller salami på naboen.
- Hald deg for munnen når du hostar. Særleg dersom du har munnen full av popcorn og baconchips.
- Ikkje snakk høgt etter at filmen har begynt. Driv heller ikkje simultanoversetjing til portugisisk under heile forestillinga.
- Ikkje syng. I alle fall ikkje på portugisisk.
- Skru telefonen av under filmen. Dersom du har han på, skru i alle fall av lyden.
- Dersom du skulle gløyma å skru av telefonen og han ved ei ulukke skulle ringja, avvis anropet. Dersom du berre må ta ein telefon som ringjer, snakk så lågt som mogeleg. Ikkje rop på portugisisk i alle fall.
- Ikkje gå ut og inn av kinosalen fleire gonger under filmen.
- Dersom du må le, gjer det på dei rette stadene.
Etiketter: Knut, Samfunnskritikk
14 Comments:
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Når det gjeld alle rasistiske kommentarar om andre språk, vil eg spørje deg: Hadde det vore betre om alt dette hadde blitt sagt på Nibbe-dialekt? Neppe.
Ellers fornuftige reglar.
Men det er eit faktum at naboen min (ikkje IL altså) simultanoversette til portugisisk. Dette er også årsaka til at akkurat dette språket er namngjeve. Hadde vore litt tullete å simultanoversetja til Nærbø-dialekt. Eller Finnøysk for den saks skuld.
og forøvrig. du har ikkje noko makt over meg lenger. Eg har signert papirer som tilseier dette. Korleis kjennes det?
eg tykkjer det er ei lette.
Filmen var ein av dine filmar: The Holiday. Skulle vore litt sånn små-romantisk, vart det altså ikkje.
uansett er det ei lette...? heh.
eventuelt: skulle du ikkje ønske at du kunne ha truga meg med oppseiing?
ja. peace
Vik: Kjipt ja. Særleg ettersom kinobesøka blir rimeleg sjeldne etter at me har blitt foreldre. Så nytt tida så lenge småen framleis er på innsida!