Familien Indrebø har den siste veka vore på turné i Sør-Noreg. Første stopp var Oslo, der me parkerte i ei gate der me har stått mange gonger før.
Det me ikkje visste, var at Mesta hadde bestemt seg for å feia akkurat den gata morgonen etter. Noko som medførte at bilen vår var borte vekk då me kom ut.
Prisen for fornøyelsen var på dryge 2500 kroner. Tusen takk til Trafikketaten i Oslo.
Åååå, hjarta mitt fløymer over av glede:
Oslo er ein fantastisk by!
Etiketter: Knut, Samfunnskritikk
7 Comments:
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ille uheldige må eg seia.
Skulle ikkje væra lov å ha slik maks uflaks. Men Mesta hadde sikkert sitt på d tørre, i form av ei lita lita notis som stog i lokalavisa :o( Hmrfmmm.
Eller kanskje d er meire vanleg på Oslo traktane at folk skal "lokta seg fram te" når d er feiedags.
Ikkje veit eg, og eg er gla ikkje Oslo er heime for meg.