Eg har bestemt meg.
Det kjem til å bli beinhardt, men eg trur det er verd det.
Eg er nemleg innehavar av utruleg mykje unyttig. Eller kanskje ikkje unyttig akkurat - men i alle fall ting som eg sjeldan eller aldri gjer meg bruk av. Gjenstandar. Ting. Som det er uhyre sjeldan eg ofrar så mykje som eit blikk på.
Men no har eg altså bestemt meg.
Eg skal freista å kvitta meg med minst ein fjerdedel av tinga eg eig. Og gå ut med gevinst.
Eg får jo ikkje noko av skrapet med meg til himmelen allikevel.
7 Comments:
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Er det stress å få det gjennomført?