
Av dryge 200 000 innbyggarar her i Brighton, er ikkje mindre enn
40 000 homofile (i følge Lonely Planet). Det er ein god del, det. Sannsynlegvis er det lettare å få auge på eit åpenbart homofilt par i bysentrum her enn det er å finna ein traktor på Jæren. Tenk litt på den ...
Eg må innrømma at eg ikkje heilt veit korleis eg skal møta homofile. Ja, eg er usikker. Eg ønskjer å møta dei med genuin kjærleik, som eit medmenneske som verkeleg bryr seg, Eg håpar inderleg det kan skina gjennom at eg også ser på homofile som det høgaste i skaparverket.
Samstundes er det klart at eg ikkje i det heile synest det er greit å leva i homofilt samliv. (Det står i Bibelen, ser du.) Eg vil ikkje på nokon måte vera med på å oppmuntra til det.
Vanskeleg, det der.
Av ein eller annan grunn har eg ikkje like store vanskar med å forholda meg til heterofile sambuarpar, sjølv om eg heller ikkje støttar deira samlivsform. Kvifor er det slik? Er eg ein homofob?
Du får snakka me kånå de så faktisk går på språk
kurs
Eg er ingen teolog, og har sikkert ikkje den beste forklaringa på dette. Men lat meg seia det slik: Eg tek alt i Bibelen på alvor, og eg er overbevist om at alt som står i Bibelen er sant og til det beste for oss menneske - også det som står om homofile.
Når ein les Bibelen er det viktig å hugsa at det er skilnad på det som står i Det gamle testamentet (den gamle pakt - reglar og påbod som Israelsfolket måtte gjennomføra) og det som står i Det nye testamentet (den nye pakt - det som Jesus har gjort for oss). Ein god del av reglane og påboda frå GT blir erstatta, presisert eller forklart nærmare i NT.
Ingen menneske kan tilfredsstilla krava Bibelen stiller for å bli frelst. Men dei som trur på Jesus, bytter plass med han og blir tilrekna hans liv, som er perfekt. Og han tek altså dermed straffa for syndene våre. Men å gjera og leva i strid med hans vilje, er framleis synd. Det er framleis mot Guds vilje.
Eg har tru på at Gud, som elskar oss og som er så uendeleg mykje visare enn oss, vil det beste for oss. Difor trur eg at Hans vilje er god. Eg trur at retningslinjene i Bibelen er gode for oss, same om me menneske ikkje kan sjå eller forstå det.
Vonar du forstår litt meir kva eg meiner no, grymyrk, sjølv om eg surrar det til... Kjærleg helsing...