Når du sit på terrassen i berre kortbuksa, og den klamme lufta rundt deg held dryge 30 grader, er det vanskeleg å finna den store julestemninga. Sjølv om julekakene og kaffien står på bordet ved sida av. Kanskje det er julebrusen som manglar?
Litt hjelper det jo at svigers hadde med seg pinnekjøt, mormor-ost og røykelaks frå Noreg. Og då mørkret senka seg og varmen jenka seg julekvelden, var det faktisk nesten som heime. I alle fall dersom du ser vekk frå juletreet i plastikk.Eg gjekk i pluss, i år igjen - takka vere ei kone som må ha ei botnlaus lommebok. Forstår ikkje kor den dama får pengane frå...
Eg har tenkt litt på det der med gåver denne jula. Du veit kor ubehageleg det er å få ei gåve utan at du har gitt noko attende til vedkomande? Slik er det ikkje for små ungar. Dei er like glade uansett. Kanskje det er noko slikt Jesus hadde i tanken då han sa: "Den som ikkje tek imot Guds rike slik som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det". Det er poenget med nåden: Å ta imot utan å måtta gi noko attende.
For øvrig kan det seiast at svært mykje her i huset har kome på stell etter at me har hatt vaktmeister nokre veker. Svigerfar har snekra, skrudd og saga heilt sidan han kom. I mellomtida sit eg her framfor dataen...Etiketter: Knut, Oppsummering
3 Comments:
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Gildt å sjå og lesa om jula dåkkar (når lyden sviktar).
Fam Helland på Grødem