Trur du ikkje kona mi har reist frå meg, og teke med seg dotter mi i same slengen? Dei reiste allerede måndags kvelden. Så no sit eg her åleine, langt heimefrå, milevis frå kone og dotter, og freistar å trøyste meg sjølv med eit par kilo norsk sjokolade og nokre liter med iskald cola.
Det har seg slik at Inger Line har vore voldsomt trøytt og kvalmen den siste månaden, slik som berre ei gravid kvinne kan vere det. Ho klarte ikkje å halde på noko av det ho sette til livs. Så ho måtte kome seg heim til den trygge barndomsheimen, til norsk mat og med anledning til nokre turar til Universitetssjukehuset for intravenøs mating.
Der fekk ho også vore på kontroll, som førte til at ein oppdaga at det ikkje berre var EIN krabat som laga kvalm for oss, men TO. Så på seinsommaren blir me trebarnsforeldre, dersom alt går godt. Folksomt, med andre ord.
Men førebels sit eg her. Åleine.
PS: Postadressa er framleis P.O.Box 2696, Arusha, Tanzania
Tuller. Gratulerer! Håper alt går godt.