I dag er det minst ein middelaldrande sandnesmann som syns eg er ein dust.
Han kom nemleg syklande ned vegen frå venstre ikledd sin tettsitjande trikot, og hadde rimeleg god fart mot sebrastripene like nedanfor. Mannen forventa nok at eg skulle stoppa då eg kom køyrande. Det gjorde eg ikkje, og trikotmannen måtte bråbremsa såpass kraftig at hjelmen datt ned i augene på han. Han vart sur.
I min barndom lærte eg at bilar ikkje har vikeplikt for syklande i fotgjengarfelt. Mr Hushovd-wannabe skulle altså ha hoppa av sykkelen og gått over. Då hadde eg stoppa.
(Dette gjeld ikkje i Afrika. Men der er det ingen som syklar i trikot heller. Hah, det skulle tatt seg ut!)
Er ikkje dette barnelærdom? Eg hadde rett og supersykkelmannen feil. Eller?
Etiketter: Knut, Samfunnskritikk
2 Comments:
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Du vett, d e ganske lenge si me fekk lappen!!!