
Tvillingane er i hus, og galskapen er komplett. Me visste jo at det ville bli travelt med tvillingar, men eg var ikkje klar over kor frustrerande ofte eg skulle vera i stuss om kven som er kven av dei. Heldigvis er framleis Andreas litt gulare enn lillebroren, som resultat frå gulsott tidlegare i veka. Så me held såvidt styringa.
Men kva skal me gjera den dagen storebror får normal farge igjen? Kjem Andreas til å bli Tomas og Tomas til å bli Andreas? Bør me setja merkelappar på dei for å ha kontroll over kven som har kva for eit fødselsnummer?
3 Comments:
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Gratulerer med tvillingane! Reknar med det er travelt, men håpar det likevel er morosamt! Eg veit ikkje om dei er einegga eller to-egga, men ut i frå bileta likna Tomas på Faren og Andreas på mora! Håpar alt går bra med dykk! Skal helse fra Gjermund.
Helsing Kjersti