Ekstremsport: Å liggja vaken til langt på natt når du skal tidleg opp og veit at du eigentleg er kanontrøytt. Eg har freista mange tiltak for å få bukt med problemet, men har hatt ulikt hell. Her er nokre av forsøka mine:
- Stå opp, eta ein banan og leggja seg att.
- Lesa 3. Mosebok. Blir alltid trøytt av det.
- Liggja ei stund utan dyne og hutre, for så å trekkja dyna over seg og bli sløv av å kjenna den lune varmen under dyna att.
- Vekkja kona og få henne til å lesa høgt for seg.
- Telja til 1000 inni seg.
- Stå opp og sjå på MessTV til du blir trøytt nok.
Etiketter: Knut, Verdt å vite
30 Comments:
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ja, til ungen altså...
Hilsen NRK-fan(ge) <- (dagbladtisering igjen, Knut:))
Z
D er ikkje ei enkel oppgåve d heller :-/
Men d kan funke med proppar i øyro; så d er håp anyway...
Z: Er det ikkje chat på NRK også? Det går i alle fall ut på det same ...
Synnøve: Eg har erfart at det er betre berre å telje. Klarer aldri å sjå føre meg korkje gnu eller sau.
Anonymous (kven er du eigentleg): Det er ikkje lyden som er problemet (Hanna lagar ikkje lyd om natta). Problemet er at eg rett og slett ikkje får sova.
Støtt og stadig er d noko å forhalda seg til når ein har born.
(Mareritt, tenner, tissing i senga, vandring i huset osv osv)
MEN han e verdens skjønnaste...
Eg må berre innsjå d enkle fakta; eg er småbarnsmor (heldigvis).
Mitt problem bli i same gata som ditt Reider; når eg (endelig) kan få sova så funkar d bærre ikkje...
Spent som ein båge... kor er Ole Lukkøye?
Grønt er hjartechakraets farge.
Nøkkelområder der er: Lidenskap, ømhet, spørsmål knyttet til vårt indre barn og avvisning.
Noko å meditera øver kanskje?
Men når det ikkje er noko spesielt du tenkjer på, men du likevel ikkje får sove - kva gjer du då?
Meditasjon: Nei takk!
Eg trur at "eg får ikkje sova syndromet" sit mello øyro. Stukturert tankegang kan endra detta... Sjølvsagt ei personleg meining men kanskje verdt forsøket ;o)
No er det jo nett slike ting som foregår i hovudet mitt når eg freistar å sova. Så ja: Eg mediterer vel. Men det funkar ikkje.
Ellers så brukar eg dataen rett mykje i mine sømnlause stunde; havnar ofte inn på Reiers blogg også. Iblandt irriterande for eg brukar litt (mykje) tid her.
Må bestilla meg time eg og. Kan ikkje væra normalt å sitta slik og skriva med nokon eg ikkje kjenne :o)
Så: Kven er du?
Brukar kanskje (for) mykje tid på denna bloggen; er d difor eg ikkje vil gje meg til kjenna? Skjønna ikkje heilt probl sjølv heller men sånn er d no førebels... Kva trur du denna "vegringen" kan skyldas?
Trudde d var noko anna farleg syndrom eg.
Reier: Muligens du ska prøva skoen på "anonymen"? Akkurat som i Askepott...men sjå vekk ifrå at det i filmen e snakk om forelskelse osv! "Leksene...!!"
Kjempeinteressant.
Du må no gjerna fortellja litt om d når du får erfaring i forhold til temaet.
Helga og Arnfinn: Bør eg begynne å skrive om saker med litt meir substans no som eg skal bli misjonær?
Narve: Inger Line sin stemme er definitivt søvndyssande. Mjuk, roleg, avslappande, vakker og herleg!
Legg deg og stå opp til same tid kvar dag, uansett. Ikkje drikk kaffi etter kl.18. Ikkje trim for seint på kvelden. Ha ei rolig stund før du legger deg. Ikkje tenk på å at du MÅ få sova, tenk på å at du skal slappe av heller.
Ikkje legg deg svolten eller for mett. Ha det temperert, og iallefall ikkje for varmt i rommet.
Ha i øreplugger om kona snorker.
Det var det eg kom på i farten.