Manipulasjon: Johannes Leiknes Nag

Det beste med blogging er når du har noko å vera misnøgd med. Når du kan skjella ut eit eller anna. Det gir ei riktig så god kjensle.

Problemet mitt no for tida er at eg har svært lite å vera misnøgd med. Livet mitt er altfor fint. Det er rett og slett altfor godt å bu her på Vestlandet.

Kan ikkje klaga på kulden. Det er februar og me har knapt sett snø.
Kan ikkje klaga på Oslo. Den staden er herleg langt vekke for tida.
Kan ikkje klaga på huset me bur i. Her er så koseleg som berre det.
Kan ikkje klaga på familien. Finaste jentene eg har sett.
Kan ikkje klaga på småbarnsforeldre. Har jo blitt ein av dei sjølv.
Kan ikkje klaga på framtidsutsiktene. Ser fram til fire år langt vekke frå Oslo og utan kulde.

Eg kunne klaga på sjefen. Men det hadde vore illojalt.
Så det einaste eg har å klage over, er at eg har lite å klage over.

9 Comments:

  1. Anonym said...
    Kan du klaga på den du dele kontor med? Barra et forslag som eg sjøl ville valgt
    Anonym said...
    Livet er hærlig, vær opptimist...
    Anonym said...
    Eg vil bare påpeke at eg sitter for det meste på redigeringsrommet og jobber, det er derfor eg ikkje er på kontoret så ofte.....kvifor skreiv eg dette på nynorsk tru? Arrrrggg, er blitt beten av nynorsksjuka...aaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaa.....
    Anonym said...
    haha, god bildemontasje!! (hette det bildemontasje, forresten??)
    Anonym said...
    Hmmmm... Godt poeng. Det e vel kanskje meir en bildemanipulasjon.
    Anonym said...
    Elle så e det bilde
    montasje
    Anonym said...
    Tulleknut
    Anonym said...
    Eg kjenne vel te versjonar av Tulle knut så e meir spennande enn det så Anonymous skrive...
    Anonym said...
    Hm. Sjefen? Får du for lite å gjøre. Jeg kan godt supplere ham og sende diverse oppdrag hvis du skulle kjede deg for mye. Vi ELSKER saker med Stavanger krets-vinkling, du har bestilling på minst en, og du er fremdeles infoavdelingens mann på Jæren!

Post a Comment