Steffen Stensland, uskuldig offer.

Dette innlegget råkar ein av kollegaene mine i misjonsbladet Utsyn, og eg vil på førehand orsaka dersom vedkommande føler seg støtt. Eg veit ikkje kven det er, men poenget her er heller ikkje å gi nokon ei skyllebøtte. Poenget er å få ut frustrasjon. Så altså:

I siste nummer av Utsyn har eg skrive eit intervju (på nynorsk, sjølvsagt) med to forkynnarar i NLM. Han eine av dei intervjua heiter Steffen Stensland. Når eg no fekk Utsyn i handa, ser eg at denne einkvan i Oslo heilt medvite har gått inn og "retta" alle Stensland til Steinsland.

Eg sit att med eitt spørsmål: Kvifor har NN i Oslo gjort dette? Trudde vedkommande at namnet skulle skrivast annleis ettersom det var nynorsk? Frå Sten til Stein, liksom. Eller ...?

Ahhhrrrrrrrrgh!

0 Comments:

Post a Comment