Eg har sidan bloggekarriera mi starta, vore prinsippfast på at det er eg og berre eg sjølv som er sjef på denne bloggen. Ergo er det eg sjølv som avgjer kva som skal stå her og det er eg sjølv som avgjer kor ofte det skal oppdaterast.
Men det må seiast at når kommentarane frå lesarane uteblir, då er det litt trist. Då kjenner eg på presset. Burde eg ha skrive om noko anna? Burde eg kanskje ha skrive litt oftare?
Eg held framleis fast på prinsippa mine, og held meg framleis til dei fantastiske blogge-reglane til familien Vik. Likevel innser eg at her må det skjerpings til.
Etiketter: Knut, Oppsummering
6 Comments:
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Anonym 2