Her om dagen var eg til stades på eit ganske normalt bedehusmøte på Gilja. Årsaken til at eg avla ein så sjeldan visitt til dalen langt der inne i dalstroka innanfor, var at to damer skulle syngja. Gunn og Gerd Olaug er ganske vanlege damer, men slike bedehus-duoar har likevel blitt svært så sjeldne dei siste åra. Snart er det kanskje berre Marit og Irene att?
Spørsmålet mitt er: Kjem me til å sakna bedehus-duoane når dei ein dag plutseleg er vekke? Eller har me rett og slett ikkje bruk for dei lenger? (I staden ser det ut til at Facebook-duetten skal ta over.) I alle høve: Les reportasjen i misjonsbladet Utsyn om nokre veker.
7 Comments:
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Interessant, sjølv om eg har mine tvil om at duetten kjem så langt nord i landet på turne
D er no så enormt populært å gje ut cd, kanskje d vore noko... Nettsalg til dømes...
Eg meine, for me som fortsatt veljer å bu i Noreg ;o)
Sjangeren er utdøyande å d er trist :o( Nokon må ta ansvar for å bevara slike kulturelle skattar, kanskje er d deg?