Me har slutta å snakka om kva tid Hanna får tenner. Det ser ikkje ut som om dei vil koma. Men no går det i det minste framover på ein del andre område.
Hanna står no nesten like mykje som ho vil sitja. Nei, det var ei overdriving. Men ho står i alle fall mykje, og ho bablar i veg om både det eine og det andre, på noko som minnar voldsomt om iraq-språket.
Dessutan har ho blitt frykteleg sta, og er veldig medviten på kva ho vil og ikkje. Sist, men ikkje minst; Hanna har lært å lesa. Berre sjå på biletet over.
Utanom alt dette, har ho no baka peparkaker for første gong, så no er alt klart for at mormor og morfar kjem på besøk på torsdag.
Etiketter: Hanna
2 Comments:
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Men så FLOTT at du har begynt å lesa!
Du tenkjer nok på å bli lærar slik som mange andre i slekta!
Glad i deg.