
I går var me bedne i konfirmasjon til nabojenta vår, Subira Ami. Ei stor ære! Det var ikkje heilt ulikt ei norsk konfirmasjonsfeiring, i alle fall dersom du ser vekk frå den fire timar lange gudstenesta, den overdådige finstasen til jente-konfirmantane og mangelen på kaker. Kjekt var det uansett.
Apropos kaker; Inger Line hadde baka kaka for dagen - sjokoladekake med krem, på bestilling frå konfirmanten sjølv. Vart ikkje store beten per gjest, men du all verda så god den kaka var!
Subira er ei super jente - ho er søt, dugande flink på skulen, og dessutan god i fotball. På toppen av det heile snakkar ho rogalandsk. Blir sikkert eit godt koneemne på sikt, berre synd at ho er litt for gammal for nevøane mine. Men ho har eit par systrer i deira alder ...
Etiketter: Knut, Oppsummering

Skulle forresten hatt adressa dykkar der nede i arushaland. Finn han sikkert om eg leitar, men det gidd eg ikkje. Sender du på sms eller ringer? Julekortet er skrive, men det må fram og.. helsing hk.
P.O. Box 2696
Arusha
Tanzania
Men me har allereie fått julekort frå Langevåg...?
Hvor lang tid tar postgangen?
Får dere noe post nå lenger, når folk har glemt at dere fins?
O A var forresten på gråten da L'pool tapte for MU. ...men han holdt seg.
Men du - tilbake til det jeg rota med på Arushanytt i går natt. Er ikke denne sida egentlig lagt ned? Eller skulle vært? Var det ikke liksom meningen at redaktøren av Arushanytt skulle ta seg av all skrivingen slik at reiereier skulle få slappe av litt?
hk
God Jul